Påminning – søknadsfristar kultur

Søknadsfrist er 15. april for:

  • leige av gymsalar, hall og svømmehall for det kommande skuleåret (skjema KF-291)
  • Kleivafondet (til kulturelle og lokalhistoriske prosjekt; ikkje driftstiltak). Ikkje eige søknadsskjema, send inn omtale og budsjett til Surnadal kommune (Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal) eller til post@surnadal.kommune.no.
  • Kleivaprisen: send inn framlegg til Surnadal kommune på kandidatar, med grunngjeving, som gjer ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis

Søknadsfrist er 30. april for:

  • Frivillige lag og organisasjonar og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar og oppstartingstilskot (skjema KF 402 / kulturmidlar). Kulturmidlane er fordelt slik: Idretts- og skytterlag – 200 000, Song- og musikklag – 60 000, andre lag og organisasjonar – 50 000 kroner.
  • utbetring av ball- og leikeplassar (skjema KF 466 / Lekeplass). Det er sett av kr. 20 000 til fordeling på dette området i år.

Ta kontakt med kulturavdelinga om de planlegg nyanlegg eller rehabilitering av anlegg som kan få spelemidlar – helst tidlegast muleg i prosessen, søknadsfrist til kommunen er seinast 15. oktober.

Du finn alle skjema tilgjengeleg for utfylling på vår heimeside www.surnadal.kommune.no (som du altså er inne på no). Ta gjerne kontakt med kultureininga (911 12 416) om de møter problem med dette eller har spørsmål.