Meld inn positiv hurtigtest til Surnadal kommune digitalt
Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til dette formålet. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.
Du treng ikkje registrere nærkontaktar.
Klikk på lenken under for å melde frå om positiv hurtigtest:
MELD INN POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN
Dersom du ikkje er digital brukar eller manglar fødselsnummer til den det gjeld, kan du melde frå om positiv hurtigtest til kommunen på telefon:
- Korona-/ vaksinetelefon 913 79 001 mellom kl. 9 - 15 og 947 94 147 etter kontortid
- Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814