Reglar om testing og karantene 2021

FHI Det skal vere låg terskel for å be om testing for koronavirus. Sjå gjeldande retningsliner for testing og karantene under.

Karantene og isolasjon

Lettelsar i smittekarantene for vaksinerte frå 4. mai

Reisekarantene er framleis som før, men det blir lettelsar for smittekarantene:

  • Fullvaksinerte: Slepp smittekarantene og testing etter nærkontakt med smitta
  • Fått dose 1: 3-12 veker etter dose 1 er det unntak frå smittekarantene, men framleis krav om PCR-test på dag 3 og 7 etter nærkontakt med smitta.

Utvida testing og vente-karantene

Ved uoversiktlege utbrot eller utbrot med meir smittsame virusvariantar er råd om testing utvida frå nærkontaktar til å inkludere miljøet (jobb og skule) kring den smitta. Personar som ikkje er strengt definert som nærkontaktar, kan difor få råd om testing og vente-karantene til påvist negativ test. Frå 29. mars er det forskriftsfesta at ein pliktar å gjennomføre vente-karantene når dette er aktuelt.

Testing og nærkontaktkarantene

Under ei smittesporing kan ein bli definert som nærkontakt av ein person med påvist koronasmitte. Da bør ein teste seg og har plikt til å vere i nærkontaktkarantene i 10 døgn frå smitte-eksponering. Karantenetida kan avkortast ved negativ test på dag 7. Du blir definert som nærkontakt  dersom du, innan 48 timar før personen med bekrefta smitte fekk dei første symptoma, har hatt:

  • mindre enn 2 meters avstand i meir enn 15 minutt,
    eller
  • direkte fysisk kontakt,
    eller
  • direkte kontakt med sekret (for eksempel spytt, snørr og tårar)

Isolasjon ved påvist smitte

Dersom du får påvist koronasmitte har du plikt til å vere i smittekarantene og vere i isolasjon frå andre personar. Du kan avslutte isolering når det har gåttt 10 dagar etter symptomdebut og du er feberfri i minst 24 timar. 

FHI  

Blir du pålagt karantene eller isolasjon har du plikt til å sette seg inn i reglar for gjennomføring av karantenetida. Les meir på FHI sine nettsider for praktiske råd og reglar.

Innreise til Norge

04.06.2021: Nye karantenereglar ved innreise

Sjå regjeringen.no

Les meir om innreiserestriksjonar her.

  • 16.04.2021: lansering av automatisk tildeling av felles hjelpenummer, for personar som ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, når innreisande registrerer seg i innreiseregistreringsskjemaet før innreise til Norge.
  • krav om å framvise negativ test frå siste 24 timar
  • krav om å  bli testa på grensa (for unntak, sjå lenke under)
  • krav om utfylt registreringsskjema ved ankomst til Norge
  • krav om ny test på dag 7 for alle som ikkje bur på karantenehotell
  • karantenekrav i 10 døgn (kan bli forkorta ned negativ test på dag 7)
  • krav om fullt opphald på karantenehotell etter utanlandsreise som ikkje er strengt nødvendig

Det finns fleire unntak. Privatpersonar som har spørsmål knytta til testing for innreisande, bes besøke Helsenorge.no, eller ringe informasjonstelefonen.

Innkvartering ved innreisekarantene må førehandsgodkjennast av Arbeidstilsynet

Ordninga frå 22. februar er eitt av fleire tiltak for å begrense koronasmitte i arbeidslivet. Det er arbeidsgjevar som må søke. Søknadsskjema finn du hos Arbeidstilsynet.

Bestill koronatest i Surnadal

No kan du bestille tidspunkt for koronatest digitalt. Surnadal kommune har teke i bruk booking-løysinga c19. Alt du treng er elektronisk ID.

Bestill koronatest i Surnadal på nett

 

Råd om testing og ulike karantenebestemmelsar