Samfunnet er gjenopna - kva betyr dette for deg i kvardagen?

canva.com Laurdag 25. september klokka 16:00 opna regjeringa landet igjen etter koronapandemien. Dette har vi alle sett fram til. I denne informasjonen vil vi kort gå gjennom hva gjenopninga inneber i Surnadal kommune.

Normal kvardag med auka beredskap - innført frå 25. september kl. 16.00

Takk til innbyggarane i Surnadal kommune

Kommunen takkar innbyggarane i kommunen for godt samarbeid i 561 dagar under koronapandemien! Uten innsatsen frå kvar og ein av dykk hadde vi ikkje kunne levd såpass ope og fritt, som vi tross alt har gjort i lag i vår kommune.

Vi kan no leve og omgås som normalt igjen med restar av koronaviruset i samfunnet. For enkelte kan det likevel vere både normalt og nødvendig å fortsette å beskytte seg sjølv litt ekstra. Dei som ønsker å beskytte seg litt meir mot luftvegsinfeksjonar kan for eksempel velge å halde meir avstand til andre og i enkelte situasjonar bruke munnbind. Ikkje alle kjem til å ønske å handhelse igjen. Dette må vi ha både forståing og respekt for.

Her kan du lese FHI sin rettleiar med råd og reglar om kva du skal gjere i tida som no kjem:

Nasjonale råd og regler 

Hugs at desse grunnleggande råda framleis er viktige:

  • ha god håndhygiene, hostehygiene
  • hald deg heime og test deg om du er sjuk

Her kan du lese regjeringa si pressemelding:

Norge går over til en normal hverdag med økt beredskap

Her kan du lese informasjonen fra Folkehelseinstituttet:

Normal hverdag med høy beredskap

Auka beredskap i Surnadal kommune

Gjennom pandemien har vi som bur i Surnadal kommune følgd dei nasjonale bestemmelsane og anbefalingane. Når dei nasjonale bestemmelsane no forsvinn, vil kommunen raskt kunne handtere ein lokal smittesituasjon ved å gjeninnføre auka beredskapsnivå. Dersom det skulle komme ei lokal smitteoppblomstring som gir særs belastande sjukdomsbyrde, vil kommunen sette i verk nødvendige tiltak for å få situasjonen under kontroll. 

Nedjustert TISK - gjeld nasjonalt frå 27. september 2021

Regjeringa har innført nedjustert TISK (testing-isolering-smittesporing-karantene) i heile landet. I ein periode på om lag 4 veker blir det no meir fokus på testing og mindre fokus på smittesporing og karantene. 

I praksis betyr dette eit auka fokus på sjølvtesting ved mistanke. God eigenobservasjon er nødvendig for å redusere risikoen for lokale smitteoubrot. Personar som får påvist positiv sjølvtest eller positiv PCR, skal framleis vere isolert frå andre. Uvaksinerte husstandsmedlemmar og tilsvarande nære uvaksinerte personar, har framleis plikt til smittekarantene. 

Skuleelevar har tidlegare fått utdelt  antigen hurtigtestar til bruk heime med instruks om når og korleis desse kan brukast. Vaksne som ikkje er nærkontaktar, men som ønsker ei rask avklaring ved mistanke om smitte, kan gå på apoteket og kjøpe antigen hurtigtest til bruk heime. Positiv sjølvtest skal alltid bekreftast med vanleg PCR-test.

Bli heime og ta ein test ved eitt eller fleire av desse symptoma:

  • Feber, hoste, sår hals, tap av lukte- og smakssans, nedsett allmenntilstand

Sjekk FHI sitt flytskjema om testing ved sjukdom: Kva gjer du når du er sjuk? (PDF, 451 kB)

Ved positiv sjølvtest skal det varslast ved å ringe (eller sende SMS) til:

  • kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 eller til
  • einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: Telefon 481 22 549

Føresette varslar på vegne av barn og unge under 16 år. 

Les meir om reglar og anbefalingar ved nedjustert TISK frå Helsedirektoratet:

Nedjustert TISK fra 27. september

Tenestetilbodet i Surnadal kommune

Surnadal kommune går over til normal drift, men med auka beredskap for å kunne handtere større utbrot av covid-19. Det kommunale tenestetilbodet blir i all hovudsak som før pandemien. Barn, elevar og tilsette går tilbake til ein vanleg barnehage- og skulekvardag. Trafikklysmodellen skal kun brukast i heilt spesielle situasjonar, og da etter lokale vedtak. 

Les informasjon om skular og barnehagar frå regjeringa:

Tilbake til normalen i skoler og barnehager

Skal du ut og reise eller har vore på reise?

I bykommunane må ein rekne med at det framleis førekjem smitte som du vil kunne ta med deg heim. Skal du på utanlandsreise viser vi til helsenorge.no. Utenriksdepartementet anbefaler alle å laste ned og bruke appen Reiseklar

Takk for at du gjer ditt beste og takk for at du vaksinerer deg – den 25. september såg vi resultatet av innsatsen!