Siste nytt frå koronavaksineringa

Gunn Bredesen og Oddrun Persdotter Fiske og ein misfornøgd Mr Korona. Surnadal kommune Frå januar kan du velje mellom Pfizer og Moderna som oppfriskingsdose. 

Meld frå  til oss dersom du ønskjer Moderna-vaksinen

Frå januar tilbyr kommunen både Moderna-vaksinen og Pfizer-vaksinen som alternativ for oppfriskingsdose. Dei som ønskjer vaksinetypen frå Moderna, kan melde frå om dette ved å sende epost til vaksine@surnadal.kommune.no eller ved å ringe vaksinetelefonen. 

Dei som ikkje ber om å få Moderna-vaksinen får Pfizer. Båe vaksinetypar er mRNA-vaksiner og er anbefalte av FHI som oppfriskingsdose.

Vaksineringa med oppfriskingsdose har stor oppslutning og held fram for fullt med måndag 20. desember som siste vaksineringsdag før jul. Det er først og framst minimumskravet til doseintervallet mellom dose to og tre som styrar farten i tida framover. Kravet er per no minimum 4,5 månader sidan dose 2.

Fleire vil ta vaksinen

Det er også gledeleg at fleire no bestiller si første vaksinedose. Dei som ønskjer dose 1 eller dose 2 blir alltid prioritert vaksinetime. Det kan bli vanskelegare å unngå smitte med koronavirus i vekene og månadene framover, også i vår kommune. Ved å ta vaksinen gjer ein sitt for å beskytte seg mot alvorleg sjukdom. 

Vennleg helsing vaksineteamet i Surnadal kommune