Sjekkliste før du reiser heim til jul

Oppdatert 13.12.2020.

Klikk for stort bilde Ill: Wullum

Det er mange reglar og omsyn å ta for dei som vil reise heim til jul og for dei som gjerne vil ha besøk. Vi har samla viktig informasjon som vil gjere det litt enklare å planlegge for ei trygg julefeiring.  

Den største gåva du kan gi til jul i år er å gjere alt du kan for å ikkje utsette andre for smitterisiko.

Nasjonale tiltak for å begrense sosial kontakt og forhindre oppblomstring av smitte er forlenga til andre halvdel av januar 2021. 

Råd til reisande frå område innanlands:

  • Den som reiser må vere frisk
  • Vi anbefaler bruk av munnbind på alle typar kollektivtransport innanlands for alle over 14 år for å minske risiko for importsmitte på veg heim

Reisande frå eit område innanlands med høg smitte til eit område med låg smitte:

Råd frå FHI :

  • Du bør ikkje besøke alle du kjenner, men begrense antal nærkontaktar
  • Du bør halde 2 meters avstand til besteforeldre og risikogrupper 
  • Du bør vere ekstra forsiktig i 10 dagar etter reise frå eit område i Norge med høg smitte 
  • Du bør kun delta på to selskap med inntil 10 gjestar utanom husstanden
  • Du bør ikkje ha fleire enn 5 gjestar på besøk/overnatting. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vere fleire.

Råd til reisande frå utlandet:

  • Den som reiser må vere frisk
  • Alle som kjem frå raude land/område må gjennomføre 10 dagars reisekarantene
  • Alle er oppfordra til å teste seg ved ankomst i Norge
  • Utanlandske statsborgarar må framvise negativ test for grensekontrollen
  • Plikten om karantenehotell består, men det det er fleire unntak (sjå under)

Unntak frå kravet om opphald på karantenehotell gjeld om du er ein av desse:

  • norsk student i utlandet
  • folkeregistrert i Norge
  • eigar av bustad i Norge
  • reisande med samværsrett med barn i Norge
  • reisande til avtalt arbeidsoppdrag i Norge (får fritidskarantene)
  • flyktning/asylsøkar
  • du reiser til Norge for anna formål enn arbeid og kan dokumentere tilgang på egna opphaldsstad (ny)

NB! 13.12.2020: Les om revidert forskrift jfr innreisekarantene og unntak frå karantenehotell

Her finn du Eigenerklæringsskjema for personar som skal i innreisekarantene og bekreftelse på egna oppholdsstad for gjennomføring av karantene.

Gyldig dokumentasjon må leggast fram for grensekontrollen. Sørg for å innhente nødvendig dokumentasjon frå skatteetaten/ folkeregisteret i god tid før avreise. Tlf: 800 80 000. 

Karantene for utanlandsstudentar og andre med unntak frå karantenehotell:

  • Den som er unntatt opphald på karantenehotell skal gjennomføre 10 dagars reisekarantene på ein egna stad utan nærkontakt med familie og andre du ikkje bur saman med til dagleg. 
  • Utanlandsstudentar, som før studiet var busett i Norge, vil ofte framleis vere folkeregistrert i Norge i studietida. Dei er også da rekna som busett i Norge og kan vere i karantene på ein egna stad, for eksempel heime hos foreldra sine.  
  • Norske studentar som studerer i eit anna nordisk land kan også vere i karantene hos for eksempel foreldra sine, sjølv om dei har registrert flytting frå Norge.
  • Alle studentar som har reisekarantene heime hos foreldra må følge dei generelle karantenereglane dei første 10 dagene dei er i Norge, noko som betyr at dei må unngå nærkontakt med familiemedlemmar og andre som dei ikkje bur med til dagleg. 

Beredskap ved behov for fasilitering av karanteneopphald og isolering ved Covid-19 i jula: 

Ikkje alle bur slik at ein har tilgang til å skjerme seg eller isolere seg frå dei ein bur saman med, dersom det skulle bli aktuelt. Surnadal kommune formidlar overnattingsstader som på kort varsel vil ta i mot bestilling for karanteneopphald og isolasjonsopphald ved smitte:

Slike opphald må du dekke fullt ut. Det er kun ved pålagd opphald på karantenehotell at du berre betaler eigenandel. Du kan også bruke anna egna opphaldsstad for smittekarantene dersom du har tilgang til dette.