Snart Stikk UT!

Klikk for stort bilde Stikk UT! Det begynner å nærme seg 1. mai og starten på Stikk UT! for sommaren. Så langt kan vi slå fast at fleire turmål heldigvis vil vera klare til opning 1. mai, men slett ikkje alle.

Dei postane vi er ganske sikre på at er snøfrie nok til å opnast, er desse:

Svinvikrunden, Kleiva, rundeturen om Årneshola og «Ja-benken» og rundturen om Omfløddøra.

Dei postane som heilt sikkert ikkje vil bli opna 1. mai, er desse:

Snøfjellet, Åsbøsnytå og Spitfire-runden. Her kan ein tidlegast vente opning 1. juni, men det er ikkje utenkjeleg at opninga vil bli ytterlegare utsett.

Klikk for stort bilde Stikk UT! Spitfire-runden   

For dei resterande postane er det enno i dag usikkert om ei opning 1. mai er muleg.

Dette gjeld:

Haugasetra, Tjønnmyran, Settemsvarden, Svartvatnet og Soggnebba.

Oppdatert info om kva postar som er opna, finn du på Stikk UT Surnadal-sida på facebook, på Stikkut.no eller i den rykande ferske Stikk UT!-appen.