I år er det 55 ungdommar som er engasjert gjennom denne ordninga.
Dei skal arbeide i Heimeteneste og Rehabilitering, Bu-og aktivitestenesta, Sjukeheimen, Eigedom, Kommunalteknikk og barnehagane på Mo, Evenshaugen, Øye og Skei og Midtigrenda. Det er også nokre ungdommar som er utlånt til kyrkja (grasklipping og utearbeid) og til fotballskule i regi av Surnadal IL.
På informasjomsmøtet orienterte rådmann Knut Haugen, plansjef Råg Ranes og personalsjef Inger Nordby om kommunen og kva for oppgåver kommunen har, og om korleis det er å vere arbeidstakar og om rettar og plikter ein har i arbeidslivet.
Ungdommane fekk også møte representantar for einingane der dei skal arbeide og det vart servert pizza og brus.
Vi gleder oss til å ta imot dei flotte ungdommane!