Sommarope på biblioteket

Lesing - Klikk for stort bilde

Biblioteket går over til opningstider for sommaren frå og med 2. mai. Biblioteket vil frå da av og til 16. september ha ope på kvardagane (måndag-fredag) mellom kl. 11 og 15.

 

Dette fører sjølvsagt til ulemper for dei som ikkje kan nå oss på dagtid. For å bøte litt på dette, kan vi legge ned bøker for henting i resepsjonen når det passar deg. Ring oss på tlf. 476 80 797 (i opningstida), send melding på facebook eller send e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no og «bestill» det du vil låne.

 

Bøker kan ein alltid levere inn ved å sleppe dei ned i ei luke til venstre for inngangen til biblioteket.

 

Siste laurdagsope på biblioteket før sommaren blir altså 28. april (kl. 11–14).

 

Biblioteket er stengt på høgtidsdagane i mai (1., 10., 17. og 21. mai).