Status ved endra nasjonale tiltak

Surnadal kommune  

Endring i nasjonale tiltak og ny TISK-strategi

Vi står i ein ny situasjon i pandemien når regjeringa ikkje vurderer det som muleg eller samfunnsnyttig å stanse ei kommande stor smittebølge. Karantenetiltak for nærkontaktar er erstatta med sjølvtesting. Testing skal gi oss meir fridom og hjelpe oss til å avgrense smittespreiing, slik at ikkje for mange blir sjuke på ein gong og vi kan halde hjula i gong.

I tillegg gjeld dei vanlege smittevernråda, som å halde seg heime dersom ein er sjuk og teste seg ved nyoppståtte symptom. Enkelte kontaktreduserande tiltak er også vidareførte, som munnbind, ein-meter i det offentlege rom og visse antalsbegrensningar. 

Regjeringa har teke omsyn til barn og unge i den vidare fordelinga av tiltaksbyrde i samfunnet. Dei fleste unge og friske har lite å frykte i møte med omikronvarianten, medan personar med svekka immunforsvar og eldre er framleis er sårbare med høgt smittetrykk kring seg. Tiltaksnivået vi omgir oss med har difor også eit solidaritetselement i seg. 

Status for oppvekstsektoren

I tråd med nasjonale anbefalingar har kommunen gjort ei lokal heilskapsvurdering som skal sikre barn og unge stabile føresetnader i kvardagen. Vi står framfor ei kommande smittebølge kor det blir avgjerande at vi greier å unngå toppane for å kunne levere gode tilbod til barn og unge.

  • Vi vidarefører gult beredskapsnivå i barnehagar og grunnskular og Vaksenopplæring.
  • Surnadal vidaregåande skule går over til grønt beredskapsnivå med innslag av gult. 
  • I tråd med den nasjonale TISK-strategien blir det gjennomført hurtigtesting av barn og skuleelevar kvar veke. Ved endring i smittesituasjonen vil det bli hyppigare testfrekvens. 
  • Prøvetaking av barn gir nyttig kartlegging for å avdekke utbrot, men det er frivillig og barna skal ikkje utsettast for liding. Folkehelseinstituttet anbefaler at prøvetaking på barn kan skje frå ytre nesegang og/eller munnhule eller svelg.

Omikronbølgen kjem også hit. Det gledelege er at vi har skyhøg vaksineringsgrad i befolkninga slik at mange er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. 

I tida framover vil kommunen vurdere beredskapen kontinuerleg for å sikre lovpålagte tenester og ein mest muleg normal kvardag for innbyggarane.  Det kan bli ein krevjande balansekunst.

For full oversikt over nasjonale tiltak og anbefalingar, viser vi til regjeringen.no.

Med vennleg helsing Bjørn Buan

Kommuneoverlege i Surnadal kommune