Stortingsvalet og sametingsvalet 2021 - kunngjering av tid og stad for førehandsstemminga

Ordinær førehandsstemming

Frå tysdag den 10. august til og med fredag den 10. september kan du førehandsstemme ved Surnadal kommunehus frå kl. 09.00 – 15.30.

Dei to siste vekene før valet blir det utvida opningstid fram til kl. 17.00 med unntak av siste fredagen før valet, da blir det halde ope til kl. 15.30.

Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik

  • Surnadal Sjukeheim Tysdag 7. september kl. 1000 - 1200
  • Bårdshaugen omsorgsbustader Tysdag 7. september kl 1300 – 1500.
  • Surnadal vidaregåande skole Onsdag 8. september kl 1000 – 1200 
  • Nordmøre Folkehøgskule Onsdag 8. september kl. 13.00 – 15.00

Ambulerande stemmegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søkje valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 7. september 2021.

Dersom årsaken til søknaden er pålagt isolasjon eller karantene grunna covid-19, er fristen sett til valdagen 13. september, kl. 10.00.

Hugs å ta med legitimasjon og valkort!

Meir informasjon om Stortingsvalet og sametingsvalet finn du på kommunen si heimeside – www.surnadal.kommune.no.

Surnadal valstyre, 10.08.2021