Stortingsvalet og sametingsvalet 2021 - utlegging av manntalet til gjennomsyn

Står du i manntalet?

For å kunne stemme ved haustens stortingsval og sametingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir utlagt til ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der.

Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut til allment ettersyn frå onsdag 14. juli og fram til og med valdagen den 13. september 2021 på desse stadane:

  • Surnadal kommunehus
  • Surnadal kulturhus – utanfor biblioteket 2. etg.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til:

Surnadal valstyre,
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal.

Klagen skal vere grunngjeven.

Du finn meir informasjon på kommunen sine nettsider under menyen val 2021.

 

Surnadal valstyre