Surnadal barne- og ungdomsskule - grunnsteinnedlegging

Ordførar Margrethe Svinvik tok det første symbolske spadetaket på nye Surnadal barne- og ungdomsskule i dag    

Endeleg er vi i gang!

Vi er i gang med nybygg, ombygging av ungdomsskulen og oppgradering av uteområder.

Vi er i gang med det desidert største byggeprosjektet i Surnadal kommune nokon gong.

Vi er i gang med å skape ei ny skuleframtid for ein ny generasjon av ungar.

Dette har vi venta på!

Dette gleder vi oss til!

Dette blir kjempebra!

Prosessen har vore usedvanlig lang og grundig.

Eg trur ikkje det er ein tanke som ikkje er tenkt.

Det er ikkje ei løysing som ikkje er vurdert.

Det er ikkje ein innbyggjar som ikkje har ei meining.

Engasjement er bra.

Det er krevjande,

men det gir resultat.

I dag har dagen komme.

Vi er stolte og glade for at Consto Midt-Norge avdeling Surnadal har fått oppdraget som totalentreprenør og dei har med seg fleire både lokale og mindre lokale firma.

Plan- og byggenemda, no ved Rakel Polden, kan endeleg puste ut etter mange års arbeid med skiftande mannskap.

Oppvekstleiar, Astrid Mogstad Høivik, har vore med sidan starten og drege lasset i medvind og i motvind.

Og vi politikarar kan no konsentrere oss om nye utfordringar som ventar rundt neste sving.

I dag er den symbolske grunnsteinnedlegginga for Surnadal barne- og ungdomsskule.

Grunnsteinen skal synleggjerast i det ferdige bygget og vil kome på plass i samband med opninga.

Som ordførar er det difor ei ære å få ta det første spadetaket for det som eg er sikker på skal bli ein skule vi som innbyggjarar, tilsette, foreldre og ungar vil vere stolte av og vil bli glade i.

Gratulerer og lykke til med byggeprosessen!