Surnadal kommune nominert til Etikkprisen

Som nominert til Etikkprisen 2017 var representantar frå Surnadal kommune den 8. desember i Oslo for å delta på prisutdelinga.

Etikkprisen blir kvart år gitt for samarbeid om etisk kompetanseheving i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. 

Etikkprisen blir tildelt ein kommune/verksemd som driv eit systematisk praktisk etikkarbeid av satsinga «Samarbeid om etisk kompetanseheving».

Dei tre nominerte til prisen var Flora kommune, Oslo kommune og Surnadal kommune.

Surnadal kommune var nominert med prosjektet "Samhandling på siste vakt", eit samarbeidsprosjekt med Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd.

Med dette prosjektet fekk Surnadal kommune tidlegare i haust den prestiisjetunge Omsorgsprisen 2017 av Fylkesmannen med denne grunngjevinga. (PDF, 18 kB)

Det var Oslo kommune som gjekk av med seieren av årets Etikkpris.  Styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS), Gunn Marit Helgesen og helse- og omsorgsminister Bent Høie stod for utdelinga.

Surnadal kommune vil gratulere Oslo kommune med prisen! 

Vi er stolte av at vi var blant dei tre nominerte til å motta denne gjeve prisen.

Under ser du representantar frå Surnadal kommune og Surnadal og Rindal kyrkjelege fellesråd saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Klikk for stort bildeEtikkprisen 2017