Takk til alle som bidro for TV-aksjonen 2019 i Surnadal

Klikk for stort bilde Det kom inn kr. 263.884 til TV-aksjonen NRK CARE 2019 i Surnadal. Vi ligg med dette på 21. plass av 35 kommunar i Møre og Romsdal og på 236. plass av 423 kommunar i landet. 

Full givaroversikt finn du her. 

Tusen takk:

  • Vi takkar for engasjement og hjartevarme frå 59 bøsseberarar som gjekk i fleire timar for ei god sak, søndag 20. oktober.
  • Takk til elevar ved Surnadal ungdomsskule/Innsats for andre som stod på stand og selde vaflar
  • Takk til elevar ved Mo oppvekstsenter som selde vaflar og kunst
  • Takk til elevar ved Øye skule som sprang skuleløp i motvind
  • Takk til alle som stilte opp under Internasjonal bygdekveld
  • Takk til bidrag frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar
  • Ein ekstra takk til lokale foreningar av Norske Kvinners Sanitetsforening som bidro sterkt til både bøssebering og loddsalg i år

TV-aksjonen er verdas største pengeinnsamling, men vi skal ikkje gløyme at dette handlar om mykje meir. Det handlar og om haldningsskapande aktivitetar og kunnskapsformidling. Arbeidet for TV-aksjonen gir oss ei mulegheit til å bidra konkret i møte med globale og nasjonale utfordringar. Og sist, men ikkje minst, handlar dette og om mobilisering av gode krefter og om å skape verdiar i lag.

Klikk for stort bildeOrdførar Margrethe Svinvik, Britt May Hollås, Eva Husby og Anita Våbenø. Attom: Oddrun Gjerstad og Sverre Fiske i Surnadal sparebank. Klikk for stort bildeInternasjonal bygdekveld: Semhar, Anne Lise og Enbaba.   Klikk for stort bildeElevar ved Surnadal ungdomsskule/Innsats for andre på stand.  Klikk for stort bilde  Klikk for stort bildeElevar frå Mo oppvekstsenter.  Klikk for stort bildeInternasjonal bygdekveld med elevar frå kulturskulen.  Klikk for stort bildeElevar ved SUS/ Innsats for andre på stand.