Tilbod om desentralisert sjukepleiarutdanning

Frå hausten 2018 tilbys desentralisert 3 årig Bachelorprogram i sjukepleie. Søknadsfrist 15. april.

Samhandlingsenheten i Orkdalsregionen (SIO) som Surnadal kommune også er ein del av, har jobba for å få til eit tilbod om desentralisert sjukepleiarutdanning.

No har dette blitt realisert, og hausten 2018 tilbys sjukepleiarutdanninga som eit heiltidsstudium på tre år, ved følgjande studiestadar:

  • Hemne
  • Hitra
  • Meldal
  • Selbu

Det desentraliserte studiet har same studieplan og undervisningstilbod som det ordinære studiet på campus Øya i Trondheim.

Informasjon om studiet er å finne på NTNU si nettside https://www.ntnu.no/studier/spbsp