Beredskap og kriseleiing

Kommunal døgnopen beredskapstelefon etter kontortid/krisetelefon: 416 35 388

Kommunal beredskapstelefon i kontortida: 71 65 58 00
 

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har vidare eit ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet. Dette arbeidet handlar om tiltak for å førebyggje og å ta hand om hendingar og situasjonar som trugar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar.

Til hjelp i dette arbeidet har kommunen utarbeidd følgjande beredskapsplanar:

Oppdatert varslingsliste (PDF, 2 MB) (gjeld både for kriseplanen og helseberedskapsplanen)

Kriseplan

Kommunen har utarbeidd ein kriseplan. Denne planen er meint som eit hjelpemiddel for at kommunen skal kunne reagere raskt og effektivt i kritiske situasjonar.

I kriseplanen finn du mellom anna ei oversikt over kommunen si kriseleiing og beredskapssekreteriat. Desse blir kalla inn viss større kriser skulle inntreffe eller større ulukker skulle skje.

Risiko og sårbarheitsanalyse

Det er gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser for å finne ut sannsynlegheita og konsekvensane av ulike hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet.

Plan for sosial- og helsemessig beredskap i Surnadal kommune 2012 - 2016

Kommunen skal i følgje Lov om helseteneste i kommunane sørgje for nødvendig helseteneste for alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen. Det omfattar hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar.

Beredskapsplanen er heimla i Lov om helsemessig og sosial beredskap av 23.06.2000. Helseberedskapsplanen er ein del av kommunen si kriseplan og samordna med dei andre beredskapsplanane i kommunen (khl §1-5). Smittevernplanen (PDF, 11 MB) er ein delplan i høve til helseberedskapsplanen.

Sjå Plan for sosial- og helsemessig beredskap 2012 - 2016  rev. juli 2014 (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon +47 71 65 58 00

Betjent sentralbord: 09:00 - 15:00