Bli kjent med den nye biblioteksjefen!

Biblioteksjef Gunhild og hennes to barn på biblioteket - Klikk for stort bildeGunhild og dei to barna hennar. Dei tykkjer det er artig å besøke mammaen på jobb. Privat

 1. august 2023 starta Gunhild i ny jobb som biblioteksjef ved Surnadal bibliotek. Her får du ein presentasjon av ho.

Navn: Gunhild Marie Täringskog (f. Settem)

Fakta: 36 år, innfødt surnadaling (men har ikkje budd her på 20 år), er utdanna i bibliotek- og informasjonsvitenskap ved Høgskolen i Oslo (OsloMet)

Personleg: gift med svensken Simon (derav det uvanlege etternamnet) sidan 2015, budde i Jönköping 2015-2019. Budde i Kristiansund og var biblioteksjef i Averøy 2019-2022. Har 2 barn (1,5 og 5 år) ilag med Simon.

Kvifor vart eg bibliotekar? Eg elska bøker, lesing og bibliotek gjennom oppveksten, så det låg i bakhovudet medan eg prøvde meg på nokre andre studier – og etter nokre år så landa eg på det. I tillegg til bøker og litteratur, så tiltala det meg å jobbe med system og organisering, og å jobbe i kulturfeltet.

Det beste med yrket mitt: at det er ein variert arbeidskvardag. Ei god blanding av kontorarbeid, servicearbeid og utviklingsarbeid. Det er ein fin miks mellom enkle, praktiske oppgåver og meir krevande tankeverksemd og refleksjon. Og å få jobbe med litteratur, kultur og folk i alle aldrar!

Bok eg hugsar ekstra godt frå barndommen: Eg slukte Davy Crockett-serien og Jules Verne-bøker, det som blei kalla «guttebøker» på den tida. ;) Første Harry Potter-boka kom på norsk då eg var 13 år, så eg var så heldig at eg fekk vekse opp «parallelt» med Harry Potter, og vente og lengte og lese dei etter kvart som dei kom ut. Det var fantastisk!

3 fun facts:

-eg elskar kaffe, og er ganske oppteken av god kaffe. For svak kaffe er det verste - og Aeropress-kaffe er det beste!

-då eg heldt på med oppkøyring, strauk eg på teorien på første forsøket.. dette skulder eg på at den siste Harry Potter-boka kom ut eit par dagar før prøven! :D

-er besatt av true crime for tida, på lydbok, podcast eller tv-serie. Med trådløse øyreproppar kan det godt kombinerast med bokoppsetting på jobb eller klesvask i heimen.

Eitt boktips, og den første setninga frå boka: Agnes natt og dag av Kjersti Annesdatter Skomsvold. "Det var søndag morgen, og Agnes Møller hadde en mann i senga."

Eitt vakkert bokomslag: Den store fuglejakten av Nora Brech.

 

To bokomslag: Agnes natt og dag og Den store fuglejakten - Klikk for stort bildeBoktips til venstre, eitt vakkert bokomslag til høgre. Gunhild Marie Täringskog