Trådlaust nettverk
- Vi har gratis trådlaust nettverk.
- Nettverka heiter "Surnadal Publikum" og "BibliotekGjest" , passordet får du i skranken.
Låne bibliotekets PC-ar
- Biblioteket har fire datamaskiner for publikum.
- Det er gratis å bruke bibliotekets datamaskiner.
- Du kan bestille time før du kjem eller registrere deg ved oppmøte.
- Maks. ein time pr. person pr. dag (ved kø).
- Du kan låne høyretelefonar til bruk med datamaskinene.
- Vanlege program for internett, tekstbehandling etc. er tilgjengelege.
Biblioteket tar ikkje ansvar for det brukaren måtte finne på nettsider, eller for tekniske feil som kan oppstå. Vis omsyn til andre besøkande på biblioteket ved bruk av film/spill. Husk å logge ut av nettenester du har brukt, slik at neste brukar ikkje kan få tilgang til dine personlege opplysningar.
- Vi har skrivar kobla til publikumsmaskinene
- Du kan velge å betale med Vipps, eller med bankkort/kontantar i skranken.
- Sjå prisar nedanfor.
Kopiering og skanning av dokument
Kopimaskina kan brukast til kopiering og skanning. Tilsette må hjelpe til med både kopiering og skanning, då ein må logge seg på kopimaskina med tilsett-kort. Skanning: du kan skanne og få tilsendt dokumentet på e-post via skranke-pc.
Prisar for kopier/utskrifter:
- A4 svart/kvit og farge kr.5
- A3 svart/kvit og farge kr. 10