Filmoteket

  Filmoteket - gratis straumetjeneste for deg med lånekort på biblioteket

 

 

Filmoteket logo - Klikk for stort bildeFilmoteket logo   

Logg inn på filmoteket

 No kan du låne og sjå film på biblioteka si eiga filmstraumeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne, både eldre og nyare filmar. Alt frå klassikarar, Oscar-vinnarar og ”blockbustere”, til smalare kvalitetsfilmar og prislønte dokumentarar.

  • Du treng eit nasjonalt lånekort frå biblioteket, og ein e-postadresse for å registrere deg som brukar. Har du ikkje lånekort? Les her om korleis du registrerer deg som lånar.
  • Når du låner ein film er den tilgjengeleg for deg i 48 timar.
  • Du kan sjå filmane når som helst og kor som helst. På PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar med Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan også enkelt overførast til større skjerm, via tenester som AirPlay og Chromecast.
  • Du kan sjå inntil fem filmar pr. månad på Filmoteket.
  • Finn fram lånekortet og sjå film i dag!