Nasjonalbiblioteket Nettbiblioteket Tidens Krav på Nasjonalbiblioteket Søk etter informasjon i Nasjonalbibliotekets rikhaldige digitaliserte materiale, mellom anna er meir enn 500 000 bøker og 2,5 millionar aviser tilgjengelege her. Publisert 11.03.2021 13:48 Mykje ligg fritt tilgjengeleg for alle i landet, både skanna bøker og aviser (fulltekst), der ein både kan bla og søke i teksta. Ein del materiale har avgrensa tilgang, og det er ulike reglar for kven som kan få tilgang til kva og korleis. Les om tilgangsrettane her. Nasjonalbiblioteket formidlar også mykje interessant kulturhistorisk og meir dagsaktuelt stoff på nettsidene sine nb.no, både artiklar, podcastar, filmar og nettarrangement som kan følgast gjennom direktestrauming eller sjåast i opptak seinare.