Barn og unge, barnehage og skule

Collage barn og unge - Klikk for stort bildeCollage barn og unge

 

 

Biblioteket har eiga barneavdeling, der alle bøker, teikneseriar, filmar og spel som passer for barn er samla.

 

Barneavdeling

  • I barneavdelinga kan du sitte og lese, lese for andre, gjere lekser eller låne teiknesakar og spel.
  • Barn kan få sitt eige lånekort når dei har begynt på skulen. Før det må ein vaksen låne til dei.
  • Føresette er ansvarlege for det barn lånar, og kan sjå barnas lån når dei er innlogga. Dermed er det lett å halde oversikt og fornye låna.

 

Ungdomsavdeling

  • I bibliotekets ungdomsavdeling har vi bøker som passar for deg i alderen 13 - 18 år.
  • Vi har romanar/noveller på norsk og mange engelske barne- og ungdomsbøker. Faglitteratur for unge står på vaksenavdelinga.
  • Filmar for ungdom står i vaksenavdelinga. Vi har også ei hylle med hestebøker og ei med teikneseriar der bøker for ungdom og barn står saman.

Spør oss hvis du ikkje finn den boka du ønsker å lese! Det er veldig fint for biblioteket å få tips, kanskje er det bøker vi vil kjøpe inn? Om ikkje kan vi låne inn boka til deg frå eit anna bibliotek, det er gratis.

 

Arrangement og tiltak for barn

 

Lesestunder

Biblioteket har lesestunder for barnehagebarn og skolebarn etter avtale. 

Barnehage og klassebesøk

Barnehager og klassar kan gjerne gi beskjed om når dei kjem, så veit vi litt om kor fullt det blir. Ordne gjerne tilgang til Meirope bibliotek for barnehageavdelingar, så loggar de inn sjølve før opningstid.

Sommarles

Dette er ein lesekampanje for barn på 1.-7. trinn som går kvar sommar. Her er det meir informasjon om Sommarles.

 

 

Tilbod til skolar

 

Klassebesøk

Vi inviterer kvart år alle klassar  i Surnadal kommune til å kome og besøke oss og få eit fast opplegg med informasjon om biblioteket. 

Lærarar kan ta kontakt med oss for å kome på besøk med klassen sin. Om vi gjer avtale på forhånd kan de kome før opningstid (om det passar) og vi kan tilby informasjon og omvisning i biblioteket. Ordne gjerne tilgang til Meiropent bibliotek for klassane, så loggar de inn sjølve før opningstid.

  • Når ein klasse skal besøke biblioteket for første gang, er det naturleg at mange av elevane får sitt første lånekort.
  • Her kan du skrive ut lånarskjema for barn (PDF, 659 kB). Send skjemaet med barna heim, slik at dei fyller ut saman med sine føresette, og slik at dei føresette får informasjon om bibliotekets tilbod og lånereglane.
  • Biblioteket vil gjerne ha skjemaene litt før besøket, slik at vi rekk å gjera istand lånekorta til dei kjem.
  • Nokre av elevane kan ha fått seg lånekort tidlegare. Sei til elevane at dei skal spørre heime om dei har lånekort, og be dei ta det med når dei skal til biblioteket.
  • Når dei kjem til biblioteket får klassen litt informasjon, vi presenterer nokre bøker som passar aldersgruppa og kanskje les vi høgt for dykk. Etterpå tar vi gjerne ei omvisning før elevane får gå rundt på eigenhand, gjere seg kjent og låna.

 

Låne bokkasse

  • Ta kontakt om du vil bestille ei bokkasse til å ha i klasserommet. 
  • Gi beskjed om antall elevar/antall bøker de ønsker å låne og klassetrinn. Gjerne også vanskelegheitsgrad, eventuelt bestemte titlar/forfattarar/emne de er interesserte i.
  • Biblioteket plukkar ut og registrerer bøkene på skolens namn v/ansvarsperson (som regel lærarens namn), slik at vi veit kven vi skal ha kontakt med om bøkene som klassen har lånt.
  • Lånetida for bokkassar er 8 veker. Kan fornyast med 4 veker.

 

Klassesett

  • Om heile klassen skal lese same bok, kan du bestille klassesett.
  • Surnadal bibliotek eig ikkje klassesett sjølv, men kan bestille frå Ålesundbiblioteka. 
    Sjå kva klassesett dei har.
  • Ønsker du klassesett som ikkje er tilgjengeleg i fylket, kan det bli meir krevande å få tak i så mange bøker som de treng, vi må kanskje låna inn frå mange ulike bibliotek. Men ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til.