Brukarar med spesielle behov

 Biblioteket har tilbod også til deg som har spesielle utfordringar, for eksempel lesevanskar eller synshemming

Bevegelseshemma

  • Biblioteket er tilgjengeleg for rullestolbrukarar, vi har automatisk inngangsdør på bakkeplan og heis i bygget.
  • Handikaptoalett finn du i 1. etg.

Bok til alle Bok til alle logo - Klikk for stort bildeBok til alle logo

Leser søker bok er ei forening som jobbar for at alle menneske, uansett leseferdigheitar, skal ha tilgang til gode leseopplevingar. 

Personar med lesevanskar

  • Biblioteket har lettleste bøker både for barn og vaksne.
  • Bøkene er spesielt godt egna for dei som slit med å lese, dei som skal læra seg å lese eller dei som held på å læra seg norsk. Bøkene er kortare, språket enklare og det er kortare avsnitt og kapittel enn i vanlege bøker.
  • Lettlestbøker for barn og unge er populære blant dei fleste, ikkje minst dei som held på å læra seg å lese. Her er det stor variasjon i vanskelegheitsgrad og innhald og masse bøker å velge i.
  • Lettleste bøker for vaksne kjem i to kategoriar. Nokre har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er spesielt tilpassa på nokon måte. Andre bøker har både enkelt språk og enkelt innhald. Desse bøkene er særleg egna for psykisk utviklingshemma.

Syns- og hørselshemma

  • Biblioteket har eit stort utval lydbøker på CD innafor mange genre, både for barn og vaksne.
  • Storskriftbøker for vaksne: Her kjem det ikkje ut nye titlar i dette formatet. Men det er muleg å søke i katalogen etter bøker som har større/tydlegare skrift enn dei fleste bøker har. Ta kontakt i skranken for å få hjelp til å finne fram til slike bøker.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) tilbyr lydbøker til menneske som av helsemessige årsakar (synshemming, lesevanskar, kognitive vanskar etc.) har vanskar med å lese vanlege bøker, i tillegg til at dei produserer punktskriftbøker til blinde. Behovet må dokumenterast av fagperson som lærar, lege, sjukepleiar, synspedagog, ergoterapeut, logoped eller synskontakt. Ein kan ta kontakt med NLB direkte og få ein avtale om å få låne hos dei. Folkebiblioteket kan formidle kontakt ved behov.

E-bøker og E-lydbøker

  • I appen Bookbites finn du både e-bøker og e-lydbøker.
  • Bookbites har fleire tilleggsfunksjonar som kan hjelpe barn og vaksne med lesevanskar og gi ekstra motivasjon til lesing. For eksempel kan du bruke linjefokus for å se kun ei linje av gongen, du kan få delar av teksta lese opp for deg, og med lydbøker kan du endre lesehastigheita.
  • Les meir om Bookbites her.