Personvern

Surnadal bibliotek behandler personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven og GDPR - EU’s personvernforordning.

 
  • Biblioteket treng opplysningar om namn, adresse, telefonnumre og e-postadresse for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane våre. Samtykke til å ta vare på slike opplysningar gis ved underskrift når man registrerer seg som lånar hos oss.
  • Opplysningane som blir registrert i bibliotekets datasystem, blir ikkje bruka til andre føremål enn å administrere utlån/fjernlån og samla statistikk over bruken av biblioteket (statistikken er generell, ikkje knytt til enkeltpersonar).
  • Personnummer trengs for å unngå dobbeltregistreringar i det nasjonale lånarregisteret, men dette blir ikkje lagra lokalt. Lånaren kan velje å kun være registrert som lokal lånar, da treng ein ikkje oppgi personnummer.
  • Bibliotekets ansatte har taushetsplikt, og oppgir ikkje informasjon om lånarane eller kva dei lånar til uvedkomande, verken andre brukarar, andre tilsette/verksemder i kommunen, andre biblioteks tilsette eller politi/andre myndigheitsutøvarar. Vi kan heller ikkje få greie på kva ein lånar har lånt hos andre bibliotek.
  • Innsyn: Lånaren kan sjølv logge inn på bibliotekets heimesider og sjå kva opplysningar vi har registrert på vedkomande sin lånarkonto, eller be om å få sjå informasjonen på biblioteket.
  • Utlånshistorikk: Utlånshistorikk (kva ein lånar har lånt) blir sletta som standard 14 dager etter innlevering. Utlånshistorikk utover dette kan ikkje takast vare på med mindre lånaren ber spesifikt om det.
  • Lånaren kan be om at deira opplysningar i lånerregisteret blir sletta.
  • Kontakt oss om du ønsker meir informasjon om kva for opplysningar biblioteket lagrar om deg som lånar!

Fullstendig personvernerklæring (PDF, 249 kB)