Lokalhistorie på biblioteket

I lokalsamlinga finn du dei fleste bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Surnadal. I tillegg har vi bøker og anna materiale som blir brukt ved slektsforskning. Til dømes generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar og om personar frå Surnadal, slektshistorie og gardshistorie.

 

Sosialt samvær på Holtasetra i Søyådalen - Klikk for stort bildeSosialt samvær på Holtasetra i Søyådalen Frå fotosamlinga etter Hans Hyldbakk   

 

Lokalhistorisk materiale er samla på eigne hyller på mesaninen (rommet/balkongen utanfor inngangen til biblioteket). Spør om det er noko du ikkje finn.

Viss du har avtale om meirope bibliotek på lånekortet ditt og vil nytte lokalsamlinga utanom betjent opningstid, kan du spørre etter nøkkel til mesaninen i resepsjonen i 1. etasje.  Mesaninen har ikkje slik meirope-innlogging som resten av biblioteklokalet.
Bibliotekets fotosamling er søkbar på Fylkesfotoarkivet.
Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Surnadal. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.
På mesaninen er det arbeidsbord.  Alle bøker er registrert i bibliotekets katalog.

Mikrofilma materiale

Mykje materiale som tidlegare var tilgjengeleg kun på mikrofilm, er nå digitalisert og søkbart hos Nasjonalbiblioteket  og Digitalarkivet. Nasjonalbibliotekets arbeider med digitalisering av aviser, og meir og meir blir tilgjengeleg. 

Klipparkiv

Nasjonalbibliotekets arbeid med digitalisering av norske aviser har kome langt. Søk i avisene i Nettbiblioteket her.

Biblioteket har ein perm med lokalhistoriske avisutklipp mest om friidrett, samla av Magne Holten.

Arkiv for lokale lag og foreiningar

Vi har eit arkiv i magasin med materiale levert inn av lokale lag og foreiningar. Vi tek for tida ikkje imot nytt materiale, da det er oppdaga skjeggkre i magasinet vårt, og tiltak for å få fjerna desse er ikkje utført. Det vi har, er registrert i katalogen vår, men det er ikkje gjort søkbart for alle.

Internettressursar for lokalhistorie

Nordmøre museum

Nordmøre historielag

MøreRom - Søk i lokalhistoriske årbøker i Møre og Romsdal

Arkivverket - Riksarkivet og statsarkivene

Digitalarkivet

Landslaget for lokalhistorie - mellom anna med oversikt over lokale historielag

Norsk lokalhistorisk institutt

Slekt og data 

Heimveg ungdomsblad 1924-1942

Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal

Søk i kirkebøker

Norsk utvandring til Amerika

slekt.no

 

Andre lokale nettstadar:

Turistinformasjon for Surnadal

Svorkas webkamera