06.01.2021: Surnadal kommune har motteke første vaksineforsending!
KoronavaksinerI dag kom den første pakken med edle dråpar av koronavaksine til Surnadal. Dette er ein merkedag, sjølv om antal doser er berre 25 stk.
Leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske har ansvaret for mottak og fordeling av koronavaksiner i Surnadal kommune. Den første dosen blir sett på ein bebuar på sjukeheimen torsdag 7. januar. Deretter skal alle dosene settast i raskt tempo utan at noko går til spille.
Informasjon om koronavaksinering i Surnadal kommune
Vi har ikkje opna opp for bestilling av koronavaksine for befolkninga enno, men dette blir kunngjort etterkvart. Meir informasjon og oversikt over koronavaksineringa så langt i Surnadal kommune finn du på denne nettsida.
Leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske
Helse og familie
Publisert avAnne Lise With Wullum
Publisert06.01.2021 15.09
Sist endret06.01.2021 15.10