13.12.2020: Revidert forskrift om innreisekarantene og 6 unntak frå karantenehotell

Klikk for stort bildeHelse- og omsorgsdepartementet har 13. desember 2020 fastsett endringar i covid-19 forskrifta, som mellom anna får konsekvensar for innreisekarantene og kriterie for unntak frå karantenehotell. Endringane trer i kraft frå kl. 17.00 i dag.

Les heile Forskrift om endringer i covid-19-forskriften (PDF, 204 kB)

Les Revidert rundskriv frå Jutis- og beredskapsdepartementet (PDF, 711 kB)

Oversikta under er ikkje uttømmande og er ei redigert samanfatning av aktuelle punkt.

§ 5 Krav til dei som skal vere i innreisekarantene

Seks grupper med unntak frå karantenehotell:

  1. Dei som ved innreise kan dokumentere at dei er busett eller har fast bopel i Norge, og som oppheld seg i boligen eller på anna egna oppholdsstad.
  2. Dei som ved innreise kan dokumentere at dei er gift med eller har felles barn med ein person som har fast bopel i Norge, og skal ha innreisekarantene i boligen til ektefellen eller den andre forelderen. Unntaket gjeld også for mindreårige barn til personar nevnt i første punktum.
  3. Dei som kjem til Norge for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ved innreisen kan framlegge bekreftelse på at arbeids- eller oppdragsgjevar sørger for ein egna oppholdsstad der det er muleg å unngå nærkontakt med andre, med einerom med TV og internett, eige bad, og eige kjøkken eller matservering.
  4. Dei som har eit anna formål med opphaldet enn arbeid eller oppdrag, og har ein egna oppholdsstad der det er muleg å unngå nærkontakt med andre, med einerom, eige bad og eige kjøkken eller matservering, og ved innreisen kan framlegge bekreftelse frå den som stiller oppholdsstaden til disposisjon på at oppholdsstaden oppfyller vilkåra. 
  5. Dei som søker asyl eller er overføringsflyktning
  6. Dei som kan dokumentere at dei er unntatt etter §§ 6b sjette ledd eller 6i.

Tilhøyrer du i ei av desse gruppene og befinn deg på karantenehotell når forskrifta trer i kraft, kan du forflytte deg til anna egna opphaldsstad, dersom du ønskjer det. Du må melde frå om dette på karantenehotellet du befinn deg på og dokumentere tilgang til egna karantenestad. Du kan da bruke offentleg transport til ny karantenestad, men ikkje elles. 

Dersom du er arbeidstakar og allerede befinn deg på ein frå før godkjend karantenestad, men manglar eige kjøkken, kan du likevel fullføre karantenetida der du er.

Dokumentasjon for gruppe 1:

  • Skatteopplysningar
  • Opplysningar om betaling av avgifter mv.
  • Informasjon frå grunnboken som viser at personen har eigarskap til boligen. Kan lastast ned frå kartverket sine sider med innlogging på Altinn. Sjå meir informasjon https://seeiendom.kartverket.no/.

Dokumentasjon for gruppe 4:

  • Skriftleg erklæring frå tilbydar at karantenebustad du skal opphalde deg i fyller krava
  • Bekreftelse frå hotell, dersom du leiger deg inn på ordinært hotell, om at hotellet fyller krava til karanteneopphald

Unntak frå plikta til å vere på karantenehotell inneber IKKJE unntak frå innreisekarantene.

Personar i innreisekarantene kan berre opphalde seg utanfor karantenestaden dersom dei kan unngå nærkontakt med andre enn de dei bur saman med. Dei som er i karantene, kan ikkje vere på ein arbeidsplass der andre oppheld seg, på skule eller i barnehage, sjå covid-19-forskriften § 5 fjerde ledd. Det er ikkje tiltatt å bruke offentleg transport, anna enn transport frå ankomststad til karantenestad.

§ 6 j Dispensasjon frå innreisekarantene 

Dispensasjon frå innreisekarantene ved alvorleg sjukdom eller gravferd:

Kommunelegen kan gi dispensasjon frå innreisekarantene til personar som kan dokumentere at dei skal
a. besøke nærståande som er alvorleg sjuk eller døande
b. delta i bisetting eller gravferd til nærståande.
Som nærståande personer reknast ektefelle, sambuar, kjærast, barn, søsken, foreldre, besteforeldre, svigerforeldre eller andre personen har ein nær personleg tilknytning til.
Dispensasjon frå innreisekarantene kan kun gis for gjennomføring av det aktuelle formålet det søkes dispensasjon for. Karantene vil elles gjelde.