Informasjon om NATO-øvinga Trident Juncture

forsvaret-ny - Klikk for stort bilde mannskap-paa-stridsvogn-forsvaret - Klikk for stort bilde

NATO-øvinga Trident Juncture 2018  blir gjennomført i perioden 25. oktober til 7. november. NATO-øvinga er den største i Norge sidan 1980-talet. Rundt 40.000 soldatar, 130 fly, 60 farty og over 30 deltakarland vil øve på NATOs utrykkningsstyrke og på evnen til å komme ein NATO-nasjon til unnsetning.

Naboane våre i Rindal og Sunndal blir prega av øvinga. Det blir liten aktivitet i Surnadal kommune. For innbyggjarar og næringsliv i Surnadal kan det likevel vere greitt å merke seg enkelte tidspunkt kor trafikken inn og ut av kommunen kan by på forsinkelsar grunna øvinga, og planlegge ut frå det.

Slaget om Rindal 6. - 8. november:

Det avgjerande slaget under Trident Juncture står i Rindal. Ein stor konsentrasjon av allierte styrker er involverte:

NATO Amphib Unit med 500-600 mann, delar av US Marine Corps, ei landstyrke på 700-800 mann, stridsvogner, helikopter og anna kjørety. 

Forutan redusert framkommelegheit i trafikken, vil nok folk i øvre delar av Surnadal merke noko støy desse dagane.

Sjå oppdatert informasjon på Rindal kommune sine heimesider.

Kva skjer i Sunndal:

I Sunndal vil Rv 70 vil få auka trafikk og belastning. Heile oktober vil det vere høg militær aktivitet, med tidvis stor belastning på vegnettet og redusert framkommelegheit. Under øvinga er det planlagt innkomst av skip i Ålvundfjorden 28. eller 29. oktober, og etter det transport av 1000 mann og 2-300 kjøretøy frå Ålvundfjord til Oppdal. Dette vil pågå eit par døgn.

Sjå oppdatert informasjon på Sunndal kommune sine heimesider.

Kva skjer i Møre og Romsdal:

Mykje transport av personell og materiell vil skje både før og etter øvingsperioden. November månad vil bli prega av retur av militært materiell og kjøretøy på vegnettet gjennom Møre og Romsdal.

I samband med øvinga er lokale tilhøve kartlagt, og berørte partar er/blir kontakta av forsvaret.

Sjå oppdatert informasjon på fylkesmannen sine heimesider.