Koronavaksine: Alle 75 år og eldre er anbefalt ny oppfriskingsdose

Koronavaksinering - Klikk for stort bilde Vi vaksinerar fortløpande etter bestilling, her er datoar så langt:

FHI anbefaler at alle 75 år og eldre bør ta ny oppfriskingsdose. 

Kommunen har i sommar gjeve tilbod om ny oppfriskingsdose (dose 4) til personar 75 år og eldre som sjølv har ønskt dette. Alle bebuarar ved sjukeheimen og sårbare eldre over 75 år med heimesjukepleie har fått tilbodet, og mange andre har bestilt seg time i sommar. Sidan juli har dette vorte ei anbefaling frå FHI til alle 75 år og eldre.

Anbefalinga frå FHI om ny oppfriskingsdose gjeld sjølv om du har hatt korona sidan sist. Gjennomgått infeksjon med omikronvariant beskyttar ikkje like godt ved ny koronasmitte som tidlegare virusvariantar. Det må ha gått minst 3 veker sidan du hadde korona og minst 4 månader frå du fekk siste koronavaksinedose til du kan ta ny oppfriskingsdose. 

Vi tek fortløpande i mot timebestilling via Vaksinetelefon 913 79 001 (kl. 09.00 - 15.00) eller på epost til vaksine@surnadal.kommune.no. Pågangen er stor og enkelte datoar har vi vaksinert opp mot 80 personar.

Dei neste aktuelle datoane er 15., 19. og 29. august. Vaksineringa foregår framleis etter avtale på Familiens hus/ Helsestasjonen. Vi sett opp fleire vaksineringsdatoar ved behov.

Folkehelseinstituttet anbefaler at kommunane er klare til å starte vaksinering av 65-74 åringene og 18-64 med underliggande risikotilstandar etter 1. september, men vi har ikkje fått beskjed frå FHI om konkret oppstart av desse gruppene enno. Vi kjem med ny informasjon om vaksineringsplan for hausten når dette er klart.