Støtte til 17. mai-arrangement for barn og unge

17-mai feiring - Klikk for stort bilde      17. mai blir også annleis i år. Men om ein ikkje kan arrangere for dei aller største folkesamlingane, opnar ein opp for kretsvise markeringar.

Surnadal kommune har difor sett av ein sum som (dei gamle) skulekretsane kan søkje på. Om alle seks kretsar søkjer, blir det kr 3000 på kvar (ei muleg fordeling av den summen til fleire i Nedre Surnadal, sia hovudarrangementet her må gå ut).

Du kan sende søknad til post@surnadal.kommune.no innan 6. mai. Tilskotet skal gå til aktivitetar retta mot barn og unge.

Ein må ta omsyn til følgjande ved arrangement på nasjonaldagen:

Det er tillate med inntil 200 personar på offentleg arrangement utandørs om det er muleg å halde minst ein meter avstand.

Innandørs må folk sitte på tilviste, faste plassar, med tilstrekkeleg avstand til andre, og da maks. for 100 personar. Ein vil tru det vil vere vanskeleg å overhalde på ein slik dag, så ein vil ikkje rå til arrangement innandørs.

Elles gjeld dei vanlege råda om god hygiene og at ein skal halde seg heime om ein er sjuk.

MEN om ikkje for mange kan samlast på same plass, viste ein i fjor at det er andre måtar å feire dagen på; som med bilkortesjar; så om ein er kreativ nok, kan også dette bli ein nasjonaldag å minnast!