To nye PCR-test positive

Kommuneoverlege Bjørn Buan Anne Lise Wullum Oppdatering av smittestatus med reiseråd vdr. Trondheim.

Oppdatering frå kommuneoverlege Bjørn Buan

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye PCR-test positive i Surnadal.

Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.

Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenging av utbrotet i Midtigrenda  barnnehage.

Båe hadde testa positivt på hurtigtest og var i ventekarantene da PCR- testresultatet vart kjent. Det er kontroll på vidare forgrening av smitten.

Totalt er det per i dag påvist 14 PCR- bekrefta smitta i november i Surnadal.

Råd om å begrense besøksreiser til Trondheim

Sidan kommunen no opplever fleire samtidige importsmittetilfelle frå Trondheim, vil kommunen henstille til å begrense besøksreiser til og frå byen.

Med vennleg helsing

Kommuneoverlege Bjørn Buan