Gjenopning namnesak – vegar på Nordmarka

Surnadal kommune har tidlegare vedteke namn på vegar på («vestre/midtre») Nordmarka. Desse vedtaka er påklaga da nokre partar meinte dei ikkje vart involverte i prosessen og er usamde i vedtaket. Kommunen har difor gjenopna saka, slik at desse og andre partar kan få kome med sine innspel før ev. nytt vedtak blir fatta.

Det gjeld alle vegane frå fylkesvegen over Nordmarka fram til Austre Nordmarksvegen ved Krokvatnet («Ytre Nordmarksvegen», «Solåsvegen» og «Måvatnet»).

Ein finn namna ved å gå inn på https://kartverket.no/til-lands/stadnamn/sok-stadnamn-i-kart og så trykk på «Søk på stadnamn».

Lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet blir rekna som part i slike saker. Det kan i dette tilfellet t.d. vere veglag, grunneigarlag, hytteeigarorganisasjonar og historielag. Har andre med tilknyting innspel, tek ein også mot desse.

Frist for å kome med uttale er sett til 21. juli og den skal sendast til post@surnadal.kommune.no, eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.