Klagebehandling i namnesak Østbøen

Statens Kartverk har gjort om på sitt vedtak om «Øvstbøen» som gardsnamn. Nytt vedtak er «Østbøen», og avleidd av dette blir namnet på dalen «Østbødalen».

I og med at dette er eit nytt vedtak, blir det også ein ny klageprosess som gjeld frå i dag. Ein reknar med at alle som vil, har nytta seg av denne retten innan 19. juli.

Partane skal ha fått eige brev om klageretten. Dei som blir rekna som partar er, utanom kommune og ev. offentlege organ, eigar eller festar av eige gardsbruk eller eigedom med same eller avleidd namn og lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet (§ 5, første ledd, bokstavane b og c i stadnamnlova).

Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta. Desse er arkiverte hos Kartverket.

Grunngjevinga for at Kartverket endra vedtaket er også attgjeve i fleire medium, som t.d.:

https://www.trollheimsporten.no/cppage.6229795-137312.html

Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen (post@surnadal.kommune.no, med postadresse Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal). Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Adressa til Kartverket er post@kartverket.no, med postadresse: Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.