Klagebehandling namnesaker

Kartverket har gjort fleire namnevedtak:

Røssmoen (bruk i Surnadal)

Røssåa (bekk frå Strengen)

Røstolan (li ved innløpet av Hamnesfjorden)

Rossåa (Todalen)

 

Desse har klagerett (jf. § 6 og § 12 i lov om stadnamn):

a)

eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

b)

eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

c)

ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Om nokon, med klagerett, meiner dette vedtaket er feil, kan ein sende inn klage innan 1. oktober.

Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hos Kartverket. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen (post@surnadal.kommune.no), postadresse Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Adressa til Kartverket er post@kartverket.no, ev. postadresse: Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.

 

Surnadal kommune, kultureininga