Namnesak: Kjergroneset

Kartverket har igangsett namnesak for Kjergroneset og det er påstarta klagebehandling for namna Ora, Orahaugen m.fl.

Ny sak: Kjergroneset

Surnadal kommune har nokre område som står att for tildeling av adresse, og mellom desse er Kjergroneset, som har vore skrive på ulike måtar opp gjennom historia. Det er ikkje fatta noko vedtak om korleis dette namnet skal skrivast, så det må gjerast no.

Det er dei som har eigedomar med dette namnet, lokale organisasjonar og kommune som blir rekna som part i slike saker. Om du/de meiner å vere part, kan de sende grunngjeve uttale seinast 15. april til post@surnadal.kommune.no, eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Klagebehandling: Ora, Orahaugen, Orabotnen, Oramyran og Oraberga

Dette gjeld to bruk og tre naturnamn på vegen ut mot Stangvika der tidlegare namn var skrive på ulike måtar. Bruka hadde t.d. namna Ura og Urahaugen. Kartverket vedtok å endre desse til å bli skrive med –o, i tråd med lokale innspel.

Om nokon som meiner dei er part (sjå over) vil klage på desse vedtaka, må ein slik grunngjeve klage sendast seinast 8. april til post@surnadal.kommune.no, eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.