Namnesaker – Surnadal kommune

Desse namna er ikkje vedteke av Kartverket, og blir difor no sendt ut på høring. Dette er namn frå alle krinsane i kommunen, med unnatak av for Øvre Surnadal. Og namna er her skrive slik dei er «godkjend og tilrådd»

Det gjeld følgjande gards- og bruksnamn:

Røen (gnr. 112)

Røslia (under gardsnr. 118)

Røsmoen (under gardsnr. 35)

Dei som eig gardar eller bruk med desse namna har uttalerett og vil få/har fått melding om dette. Lokale lag med særleg tilknyting til eit stadnamn blir også rekna som part. Men alle som har viktig kunnskap om, eller vektige argument for, kva namn ein skal velje, blir inviterte til å kome med uttale, slik at sakene blir best muleg belyst. Vedtak på gardsnamna vil vere retningsgjevande for korleis avleidde namn blir skrive; som t.d. namn på vegar.

Desse natur- og seternamna er også lagt ut til høring no:

Røsetra (under gardsnr. 112)

Røelva (Røen/Mo-omr.)

Røsåa (Røen/Mo/Grytskog-omr.)

Røssåa (Todalen)

Røslia (under gardsnr. 47)

Røstolan (under gnr. 125)

Skabekken (Bølandet)

Det er ikkje spesifisert partar for natur- og seternamn. Men ein vil gjerne ha innspel frå dei med kunnskap om desse namna. Det kan t.d. gå på kva dei meiner namna tyder, skrifttradisjon for namna eller om den tilrådde skriftlege forma er den næraste ein kjem dialekta.

Uttale til kommunen kan sendast på post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal seinast 23. april.