Saka er samrøystes vedteken i Hovudutval for helse og omsorg i møte 03.02.2021 sak 2/21, som følgjer:
Utkast til ny helse- og omsorgsplan blir lagt ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 1. mars 2021.
Utkast til ny helse- og omsorgsplan blir sendt Eldrerådet, Råd for likestilling av funksjonshemma, Ungdomsrådet, Raude kors, Sanitetsforeningane, Pensjonistforeninga, Helselaget og Demensforeninga til uttale.
Utkast til ny helse- og omsorgsplan inneheld mange tema og tiltak som tenestene skal arbeide vidare med. I samband med høyringa ønskjer ein særleg å få tilbakemelding på følgjande:
- Reforma «Leve hele livet» gjeld aldersgruppene over 65 år og er eit særleg satsingsområde i den planperioden vi er inne i. Tiltak for denne aldersgruppa er nemnt under fleire område i plana. Vi ønskjer tilbakemelding på;
- Kva tiltak meiner høyringsinstansane er særleg viktig å prioritere i åra framover?
- På kva måte kan frivillige og lag og organisasjonar bidra til at tiltaka blir iverksett
- Forslag til andre måtar ein kan løyse oppgåvene på?
- Helsehus er av kommunestyret vedteke som eit satsingsområde i eige vedtak, sjå punkt 2.5.4 i planutkastet. Det er mange meiningar om kva eit Helsehus bør inneha av funksjonar og tilbod. Det er og ulike meiningar om korleis tenestene skal organiserast i eit Helsehus. Vi ønskjer tilbakemelding på kva ein meiner er dei viktigaste områda/tenestene ein bør prioritere inn i eit Helsehus og kva omfang ein ser for seg.
Sjå: Høyringsbrev (PDF, 438 kB)
Sjå: Høyringsdokument- utkast til helse- og omsorgsplan (PDF, 4 MB)
Sjå: Oversikt folkehelse Surnadal (PDF, 4 MB)
Høyringssvar sendast Surnadal kommune innan 1. mars
på epost: post@surnadal.kommune.no eller som brevpost:
Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal