Reguleringsplan for Syltøran - Brattørskogen. Offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Syltøran - Brattørskogen er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er sett til 8. april.

Hovedutval for miljø, areal og teknikk har vedtatt å legge forslag til reguleringsplan for Syltøran - Brattørskogen (PlanId 20180001) ut til høyring og offentleg ettersyn.

Formålet med reguleringsplana er å følge opp vedtak i kommuneplanen sin arealdel om å regulere bort flyplassareal.

I staden for flyplass vil ny reguleringsplan legge til rette for næringsutvikling i tillegg til tilbakeføring til landbruksareal og naturområde. Sjå planomtalen for meir informasjon.

Planomtale (PDF, 4 MB)

Plankart (PDF, 448 kB)

Planbestemmelsar (PDF, 150 kB)

Sjekkliste risiko og sårbarheit (PDF, 185 kB)

 

I og med at kommunehuset er stengt for besøk, er det mogleg å få plandokumenta presentert ved bruk av Micosoft Teams eller Skype. Ta kontakt med Håvard Stensønes på havard.stensones@surnadal.kommune.no eller 979 78 216.

Dersom du har merknader til planforslaget sender du det skriftleg til:

post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Høyringsfrist: 30. april 2020

Kontaktinformasjon

Håvard Stensønes
Einingsleiar Areal og naturforvaltning
E-post
Mobil 979 78 216

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL