Ungdomsrådet

Ungdomsrådet skal vere ungdommen sitt talerøyr i kommunen. Dei som sit i rådet skal uttala seg om planar og saker som vedkjem ungdomen. Dei kan og sjølve ta opp saker som dei ønskjer å få handsama i formannskapet eller kommunestyret.

Surnadal kommune oppretta ungdomsrådet i 1996 som eit underutval til kulturstyret. Etter endring i politisk- og administrativ struktur i 2003, vart Ungdomsrådet lagt under Formannskapet.

Ungdomsarbeidets pris

Kvart år deler ungdomsrådet ut Ungdomsarbeidets pris, som skal gå til ein person, eit lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønt ungdomsarbeid. Alle kan nominere kandidatar til prisen, som er eit kunstverk frå ein lokal kunstnar og 3 000 kroner.

Følgjande har fått prisen: Alf Rune Rolland (1998), Asbjørn Wæge (1999), Willy Are Johansen (2000), Olav Kåre Fiske (2001), Aase Vedul Moen (2002), Trond Larsen (2003), Kjell Gunnar Polden (2004), Surnadal Bygdeungdomslag (2005), Bjørn Gunnar Ansnes (2006), Hugo Fiske Pedersen (2007) og Ingvar Terje Sæther (2008), Nils Egeness (2009), Surnadal Jeger og fiskerforening (2010), Birgit Løseth (2011), Torgunn Moen og natteravnene (2012).

Har du forslag på kandidat, sender du ein e-post der du grunngjev kvifor denne kandidaten bør få prisen.

Har du spørsmål til eller om ungdomsrådet, send ein e-post til ungdomskonsulent Lars Sæther. Det same gjer du viss du har kandidat til Ungdomsarbeidets Pris.

 

Namn Tidsrom Representerer
Sondre Ormset 2015-2019 Politiske parti
Oddny Hoem 2015-2019 Politiske parti
Guro Moen 2017-2019 Surnadal ungdomsskule
Una Langeland Gravvold 2017-2019 Surnadal ungdomsskule
Lars Kvande 2017-2019 Vidaregåande skule
Elise Stensønes 2017-2019 Vidaregåande skule
Eivind Bolme 2018-2019 Vidaregåande skule
Hedda Krangnes Edvardsen 2018-2019 Vidaregåande skule
Vilde Dønheim Berle 2018-2019 Frivillige lag og org.
Vara for Namn
1. vara for 1 Håvard Fiske
2. vara for 1 Kathrine Mauset
1. vara for 2 Audun Moen Skei
2. vara for 2 Rakel Polden
1. vara SUS Magnus Sæter
2. vara SUS Anne Eidsli Rodal
1. vara vgs
2. vara vgs The Kvendset
3. vara vgs Eric Beckstrøm
4. vara vgs Elise Brøske
1. vara frivillige lag og org. Edvard Bele Sæterbø
2. vara frivillige lag og org. Ingrid Bæverfjord