Kven kan stemme?

For å kunne stemme må du stå innført i manntallet i ein kommune.

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntallet i den kommunen der dei var registrert busett pr. 30. juni i valåret.

Manntallet pr 30. juni vil bli lagt ut til offentleg ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der. Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut for offentleg ettersyn frå måndag 15. juli og fram til og med valdagen 9. september.

Manntalet ligg tilgjengeleg på servicetorget på Surnadal kommunehus og på biblioteket på Surnadal kulturhus.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til

Surnadal Valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Klagen skal vere grunngjeven.

Les meir om: 

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00