Korleis stille liste til valet 2019

Klikk for stort bilde Parti og andre grupper kan stille liste til kommunestyrevalet. Frist for å levere inn listeforslag er måndag 1. april 2019 kl.12.00. Posten må vere framme, eller forslaget vere levert, innan fristen måndag 1. april kl. 12.00. Listeforslag som er levert etter fristen blir avvist.

Her leverer du listeforslaget

Listeforslag til kommunestyrevalet kan leverast til valstyret i Surnadal slik:

Listeforslag som sendast i posten:

Valstyret i Surnadal
Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Listeforslag som leverast i kontortida (kl. 09.00-15.00):

Servicetorget på Kommunehuset på Skei

Listeforslaga skal leverast på papir, men vedlegga skal sendast elektronisk til post@surnadal.kommune.no

Skjema og vedlegg for listeforslag

I tillegg til skjema for listeforslag til kommunestyrevalet skal det leverast eit vedlegg til listeforslaget. Viktig: Ved utskrift av skjemaet skal det brukast 2-sidig utskrift. Underskriftene skal skrivast på side 2 av skjemaet.

Kommunestyrevalet


I pdf-filene er det muleg å fylle inn data i dei blå felta før utskrift av listeforslaget. Dei blå felta vil bli skrive ut som kvite - dei er kun der for å vise kor du kan fylle inn opplysningar.

Slik fyller du ut listeforslaget:

Dette må listeforslaget innehalde:

  • Det må stå kva val det gjeld: Kommunestyrevalet 2019 i Surnadal
  • Overskrifta skal vere namnet på partiet eller gruppa som leverer forslaget.
    • Registrerte parti må ha partiet sitt registrerte namn som overskrift. Det skal ikkje stå Surnadal+"partinamn" i overskrifta.
    • For uregistrerte partimå overskrifta ikkje kunne bli forveksla med namnet på eit registrert politisk parti, registrert samepolitisk eining eller overskrifta på andre listeforslag i Surnadal.
  • Kandidatane som stiller til val må vere ført opp på listeforslaget. Kandidatane kan ikkje stille til val for fleire parti eller grupper til same val.
  • Fornamn, etternamn og fødselsår på kandidatane må stå på listeforslaget.

Antal kandidatar, Valglova § 6-2, 2

Ved fylkestingsval og kommunestyreval skal listeforslaget vere utfylt i rekkefølgje med minimum 7 kandidatar. Forslaget kan maksimalt innehalde eit antal kandidatnamn som tilsvarar det antal representantar som skal veljast til fylkestinget eller kommunestyret, med eit tillegg av inntil 6 andre namn.

Parti som treng kun to underskrifter på listeforslaget: Sjå § 6-3 i Valglova

Dei som skriv under skal vere styremedlemmar i partiet si lokalavdeling i Surnadal. Styremedlemmar som har skrive under på listeforslaget er listeforslaget sin tillitsvalde og vararepresentant. Desse skal ha myndigheit til å forhandle med valstyret om endringar på listeforslaget.

Alle som skriv under på listeforslaget til kommunestyrevalet må ha stemmerett i Surnadal kommune. Av dei som har skrive under på listeforslaget må det komme tydeleg fram kven som er tillitsvald og vararepresentant.

Slik fyller du ut vedlegget:

Dette må vedlegget innehalde:

  • Kandidaten sitt namn og fødselsdato (6 siffer).
  • Fødselsdato og bustadsadresse til dei som har underskrive på forslaget.
  • Erklæring frå kandidatar som ikkje er folkeregistrerte i kommunen når listeforslaget blir levert om at dei vil ha riktig folkeregistrert adresse på valdagen.

Kven kan veljast til kommunestyret?

Aktuelle lover og vedtak:

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00