Førehandsstemming

Ordinær førehandsstemming

Frå måndag den 12. august til og med fredag den 6. september kan du førehandsstemme ved Surnadal kommunehus i ordinær opningstid, dvs. frå kl. 09.00 – 15.00.  Frå måndag den 26. august til torsdag den 5. september er det utvida opningstid frå kl. 09.00 – 17.00. Fredag den 6. september blir det halde ope til kl. 15.30.

Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal Sjukeheim: Tysdag 3. september kl. 1000 - 1200
  • Bårdshaugen omsorgsbustader: Tysdag 3. september kl 1300 – 1500.
  • Surnadal vidaregåande skole: Onsdag 4. september kl 1000 – 1200
  • Nordmøre Folkehøgskule: Onsdag 4. september kl. 13.00 – 15.00

Ambulerande stemmegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søkje valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad  til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal om dette. Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 3. september 2019.

 

Hugs å ta med legitimasjon og valkort!

Kontaktinformasjon

Servicetorget
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL