Førehandsstemming

Sjølve valdagen er 13. september. Du kan avgi di stemme før dette:

Ordinær førehandsstemming

Frå 10. august til og med fredag den 10. september kan du førehandsstemme ved Surnadal kommunehus frå kl. 09.00 – 15.30. 

Frå måndag den 30. august til torsdag den 9. september er det utvida opningstid frå kl. 09.00 – 17.00.

Fredag den 10. september er det ope til kl. 15.30.

Hugs å ta med legitimasjon. I år får du digitalt valkort som du viser med mobiltelefonen din. Les meir om digitalt valkort.

Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal Sjukeheim: Tysdag 7. september kl. 1000 - 1200
  • Bårdshaugen omsorgsbustader: Tysdag 7. september kl 1300 – 1500.
  • Surnadal vidaregåande skole: Onsdag 8. september kl 1000 – 1200
  • Nordmøre Folkehøgskule: Onsdag 8. september kl. 13.00 – 15.00

Tidlegstemmegjeving frå 1. juli til 9. august

Dersom det er umuleg for deg å avgi stemme i perioden for førehandsstemmegjevinga eller på valdagen, kan du be om tidlegstemmegjeving. Tidlegstemmegjeving skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå kl 9.00 til kl 15.00.

For avtale ring kommunens sentralbord: 71 65 58 00.

Ambulerande førehandsstemmegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan førehandsstemme på kommunehuset, kan du søke valstyret om å få førehandsstemme heime.

Ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller send e-post til post@surnadal.kommune.no, innan fredag 10. september kl.10.00.

Smitteverntiltak

Vi er framleis i ein pandemi og den enkelte kommune har ansvar for å legge til rette for gjennomføring av valet på ein smittevernfagleg trygg måte. 

  • Ingen sjuke skal møte opp i stemmelokala (sjå tilbod om ambulerande førehandsstemmegjeving)
  • Våre valfunksjonærar brukar munnbind. 
  • Vi skal kunne halde minimum 1 meter avstand til kvarandre
  • Førehandsstemminga på Surnadal kommunehus blir gjennomført med desinfeksjon av val-avlukke mellom kvart besøk. Det vil vere god utlufting, god ventilasjon og god avstand mellom valfunksjonærar og den som skal avgi stemme.
  • Du kan bli beden om å ta av munnbindet ei kort stund ved behov for pålagt identifikasjon når du legitimerer deg

Smitteverntiltak på sjølve valdagen vil mellom anna innebere tiltak for å unngå kø/ ansamlingar. 

Kontaktinformasjon

Servicetorget
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL