Her kan du stemme

I førehandsstemmeperioden kan alle veljarar stemme ved alle tilgjengelege vallokaler i heile landet. Det betyr at sjølv om du er heimebuande i Moss, så kan du avgje di stemme i Surnadal eller i kva som helst anna kommune. Dette er ikkje muleg dersom du skal stemme på sjølve valdagen.

Stemmetider og stemmestader i Surnadal kommune på valdagen

Surnadal kommune har 2 dagars val: Søndag 12. og måndag 13. september.

Stemmelokala i dei einskilde krinsane er opne til følgande tider:

Nedre Surnadal krins: Stemmestad: Surnadal idrettshall på Øye

søndag 12. september - kl 14.00 – 19.00

måndag 13. september - kl 10.00 – 20.00

Desse stemmestadene er opne måndag 13. september kl 12.00 – 20.00:

Mo krins - Mo skule

Bæverfjord krins - Bæverfjord skule

Bøfjorden krins - Bøfjorden grendahus

Stangvik krins - Stangvik skule

Todalen krins - Todalen skule

Førehandsstemming frå 10. august til 10. september

Du kan førehandsstemme på kommunehuset frå kl 9.00 til kl 15.30.

Tidlegstemmegjeving frå 1. juli til 9. august

Dersom det er umuleg for deg å avgi stemme i perioden for førehandsstemmegjevinga eller på valdagen, kan du be om tidlegstemmegjeving. Tidlegstemmegjeving skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå kl 9.00 til kl 15.00. For avtale ring kommunens sentralbord: 71 65 58 00

På valdagen 13. september

På valdagen kan du IKKJE stemme på kommunehuset slik som ved førehandsstemming, men kun på følgande lokale:

  • Bæverfjord oppvekstsenter
  • Bøfjorden grendahus
  • Mo oppvekstsenter
  • Stangvik oppvekstsenter
  • Surnadal idrettshall
  • Todalen oppvekstsenter

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL