Kven kan stemme?

For å kunne stemme må du stå innført i manntalet i ein kommune. Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert busett pr. 30. juni i valåret.

Utlegging av manntal

Manntalet pr 30. juni vil bli lagt ut til offentleg ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der. Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut for offentleg ettersyn frå måndag 19. juli og fram til og med valdagen 13. september.

Manntalet kan du studere her:

  • Surnadal kommunehus - servicetorget
  • Surnadal kulturhus - utanfor biblioteket

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du skrive ut skjema og sende skriftleg utfylt søknad om å bli innført i manntalet (PDF, 225 kB) eller ei begrunna klage til:

Surnadal Valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Utlegging av Sametingets valmanntal

Sametingets valmanntal er utlagt til offentleg gjennomsyn ved Surnadal kommunehus og biblioteket til og med valdagen den 13. september 2021.  For å kunne stemme ved sametingsvalet må du vere registrert i Sametingsts valmanntal. Skal du stå i Sametingets valmanntal må du registrere deg sjølv innan 30. juni. 

For meir informasjon og innmelding gå til Sametinget.no

Les meir om stemmerett og manntal på Valg.no

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00