Informasjon om valkort og legitimasjon

I år får du digitalt valkort

Valkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett. Der står det også kvar og når du kan røyste på valdagen. Du treng ikkje ha med valkortet for å røyste, men det sparer deg for tid. Valkortet blir sendt til din digitale postkasse eller i Altinn. 

Valkort i posten

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får du valkortet på papir via brevpost.

Legitimasjon

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon. Alle som skal stemme, må kunne vise fram gyldig legitimasjon. 

Legitimasjonen må minst innehalde namn, fødselsdato og bilete. Legitimasjon kan for eksempel vere pass, førerkort eller bankkort med bilde.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.

04.08.2021- Pressemelding frå Valdirektoratet ang. utsending av digitale valkort

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL