Listeforslag

Parti og grupper som ønsker å stille ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023, må ha levert listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen med ansvar for valdistriktet dei ønsker å stille til val i, innan 31. mars 2023 klokka 12.

Privatpersonar som ønsker å stille til val, må stå på eit listeforslag. Dei kan enten stille for eit eksisterande parti eller dei kan opprette sitt eige listeforslag. Kven som helst kan opprette listeforslag, men dei må oppfylle visse krav for å kunne godkjennast for å stille til val.

Dei godkjente listeforslaga er grunnlaget for stemmesetlane som skal trykkast og brukast ute i vallokala i kommunen eller fylket.

Listeforslaga skal behandlast inann 1. juni. Valstyra sender så sine godkjente lister til Valgdirektoratet. Når Valgdirektoratet har mottatt godkjente lister frå samtlege valdistrikt, publiserer Valgdirektoratet desse på valg.no.

Du kan lese meir om listeforslag i artiklane:

Spørsmål?

Har du spørsmål om regelverk, krav og fristar, ta kontakt med Gunhild Eidsli, vallansvarleg i Surnadal kommune på epost:

gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no