04.01.2021: Besøksrestriksjonar ved sjukeheimen

Klikk for stort bildeFor sjukeheimen sin del gjeld følgjande vedr. besøk i perioden 4. - 18. januar:

- Vi hevar beredskapen og stenger dørene.

- Besøk skal gjerast avtale om, og vi fører besøksprotokoll.

- Generelt gjeld at vi begrensar antal besøkande i perioden. Det vil bli prioritert besøk til alvorleg sjuke og besøk ein ser på som nødvendig.

- Andre forespørslar vil bli vurdert. Der vi ser at risikoen er låg, dvs at de ikkje har vore i kontakt med andre i jula som har medført ein auka smitterisiko, så kan vi åpne for at de får koma på besøk.

Nb, vi ber om forståing for at mange telefonar og vurderingar kring dette er tidkrevjande, og kjem oppå ein viktig periode no framover der vi har full fokus på vaksinering av bebuarane våre.

- Vi minner om at det er fullt muleg å legge til rette for videosamtalar mellom bebuar og pårørande.

På førehand takk for samarbeidet for ein fortsatt smittefri sjukeheim, og godt nytt år til dykk alle!

Med vennleg helsing oss på sjukeheimen