App for føresette i barnehage

Klikk for stort bilde"Min barnehage foresatt"-appen er ein del av fagsystemet alle barnehagane bruker for å administrere barn/plass/betaling etc.
Foreldreappen er, mellom anna, ein kommunikasjonskanal mellom foreldre og barnehagen(bhg). 

 Min Barnehage foresatt-app har foreløpig desse funksjonane:

- Foreldre kan skrive Meldinger til avdelinga og ta imot meldinger frå avdelinga.
- Foreldre kan legge inn fråvær i appen, ein kan òg legge inn fråvær fram i tid.
- Foreldre kan gi samtykke i høve ulike løyve til å delta på aktivitetar og hendingar.
- Bhg kan sende ut Beskjedar til heile avdelinga eller heile bhg for å informere om ting.
- Bhg kan sende ut Dagbok frå dei ulike avdelingane med bilde og kort tekst om det som har gått føre seg.

Vi gjer merksam på følgande i høve meldingsfunksjonaliteten i appen:

Bruk appen til korte og konkrete beskjedar utan detaljert og utdypande informasjon. Dersom ein har behov for å diskutere problemstillingar eller andre ting kan vi ta det på telefon, via mail eller ta eit møte.

Alle føresette som er registrert på barnet har høve til å sende og lese meldinger som går til og frå barnehagen. Det betyr at du som far kan lese det mor skriver og omvendt. Dette uansett om barnet bur saman med ein eller begge foreldre så lenge begge har foreldreansvar.

Korleis laste ned appen?

- Du må laste ned appen fra Google Play (Android) eller App Store (iPhone). Appen heiter Min Barnehage - foresatt
- Første gongen du logger inn i appen, må du logge på med ID-porten (BankID/MinID) og opprette ein personleg pin-kode.
- Appen kan ikke brukes før barnehagen har lagt til rette for det.

 Her finn du temahefte til foresattappen