Øye og Skei barnehage, avdeling SkeiLokalisering Skei barnehage ligg midt i sentrum av Surnadal, bak kommunehuset. Vi har kort veg til kulturhus/bibliotek, legesenter, butikkar og friluftsområde. Organisering Skei barnehage har to avdelingar, ei småbarnsavdeling med 12 plassar og ei storbarnsavdeling med plass til 18 barn dagleg. Skei barnehage er ein del av eininga Øye og Skei barnehage. Barnehagane har felles einingsleiar og i tillegg ein styrar på kvar barnehage. Særpreg Skei barnehage er ein liten og koseleg barnehage, der vi legg vekt på gode overgangar for barna. Vår visjon er «Vaksne på sitt beste» og målet er omsorgsfulle relasjonar mellom barn og vaksne. Sist endret 24.09.2021 14.20